Kva er VennSJH?
VennSJH, eller Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening, er ein ideell medlemsorganisasjon som skal sikre at SJH held fram med å vera ein skule med undervising i økologisk landbruk og eit kunnskapssenter for berekraftig næringsutvikling. Føremålet skal mellom anna oppfyllast ved at det vert reist kapital til naudsynte investeringer i bygg og anlegg. Vedtektene til foreininga ligg her (pdf).
Kven kan bli med i VennSJH?
Alle som ynskjer å støtte opp om undervising i økologisk landbruk og sikre ei trygg framtid for SJH er hjarteleg velkomne som medlemmar. Livstidsmedlemskap i VennSJH kostar 200 kroner. Medlemmar får nyheiter på e-post og har stemmerett på årsmøtet. Teikn medlemskap her.
Kvifor trengs VennSJH?
Sogn og Fjordane fylkeskommune tek seg ikkje råd til å fullfinansiere naudsynt utbygging og vedlikehald ved skulen. 10. desember 2014 vedtok fylkestinget ei mellomløysing som eit alternativ til full utbygging eller nedlegging. Fylkeskommunen er nå innstilt på å løyve 20 millionar kroner til ekstraordinært vedlikehald for å sikre drift dei neste 10–12 åra. VennSJH vil jobbe for å sikre mest mogleg langsiktige og berekraftige løysingar, slik at ikkje skulen kjem i ein usikker posisjon igjen om nokre år. Økonomiske bidrag til å styrkje økoskulen er svært velkomne til kontoen i Cultura Bank: 1254.20.79906.
Korleis skal VennSJH jobbe vidare?
Det fyrste steget er å samarbeide med Aurland kommune om å opprette ei stifting. Når vedtektene til stiftinga er klare, vil venneforeininga innkalle til årsmøte for medlemmane. Stiftinga skal overta arbeidet med å skaffe ytterlegare privat kapital og skal forvalte pengane som skal inngå i spleiselaget som skal sikre vidare drift ved skulen. Stiftinga ynskjer ein tett dialog med fylkeskommunen for å bidra til bygg- og anleggsløysingar som er langsiktige og berekraftige. Utkast til stiftingsdokument kjem når det er klart.
Kva skjedde med kampanjen «Redd økoskulen!»?
Venneforeininga er svært nøgd med at den akutte kronerullingskampanjen «Redd økoskulen!» kan bli fasa ut til fordel for meir langsiktig arbeid. Kampanjen var ein stor suksess. Ikkje berre vart det samla inn over 700.000 kroner, det vart også skapt mykje merksemd om saka gjennom sosiale medier, store arrangement og mange presseoppslag. Venneforeininga har fått signal frå politisk hold om at kampanjen var med på å bidra både til avgjersla om dei 5 millionane frå staten og det positive vedtaket i fylkestinget. Pengane som vart samla inn gjennom kampanjen skal inn i stiftinga og bidra til spleiselaget mellom fylkeskommune, kommune, stat og venneforeining. VennSJH takkar alle som har bidratt!
Kva vedtok fylkestinget 10. desember 2014?
Full utbygging og renovering av Sogn Jord- og Hagebruksskule vart vurdert til å vere for dyrt av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Avvikling vart vurdert til å ha store negative konsekvensar. Difor vart eit tredje alternativ vedteke. Fylkestinget er innstilt på å løyve 20 millionar kroner til ekstraordinært vedlikehald av SJH. Dei vedtok også at elevopptaket skal gå som normalt hausten 2015. For at fylkeskommunen skal bruke 20 millionar kroner på SJH, er det en føresetnad at det ekstraordinære vedlikehaldet sikrar skuledrift i 10–12 år. Fylkestinget vedtok å utgreie kor mykje det vil koste å gjennomføre slikt vedlikehald. Resultatet skal handsamast i fylkestinget i juni. Fylkeskommunen oppfordrar som tidlegare til spleiselag. Heile vedtaket ligg her (pdf).
Er økoskulen redda for framtida?
I fyrste halvdel av 2015 skal fylkeskommunen utgreie kor mykje det vil koste å sikre skuledrift i 10–12 år. Med 20 millionar kroner frå fylkeskommunen, 5 millionar kroner frå Aurland kommune, 5 millionar kroner frå staten og minst 700.000 kroner frå VennSJH, er venneforeininga trygg på at fylkestinget i juni konkluderer med at ein har nok pengar til å gjennomføre ekstraordinært vedlikehald. VennSJH vil jobbe for at skulen ikkje berre blir sikra drift dei neste 10–12 åra, men at ein går for mest mogleg langsiktige og berekraftige løysingar. Det er gledeleg at det vidare arbeidet ikkje skal redde økoskulen, men heller styrkje han for framtida!
Kva rolle spelar SJH i Norge i dag?
Skulen er den einaste landbruksskulen som tilbyr ei yrkesutdanning der du utdannar deg til økologisk agronom. Les meir på skulen sine sider her. Utdanningstilbodet ved SJH er viktig for å kunne nå det politiske målet om 15 % økologisk produksjon og forbruk i Norge innan 2020. Forbrukarane etterspør i større og større grad økologisk mat. Andelen norskprodusert økologisk mat vert mindre om det ikkje også vert utdanna bønder som kan produsere mat etter økologiske prinsipp. Skulen er i tillegg eit kraftsenter for bærekraftig næringsutvikling og kompetansemiljø for lokal vidareforedling, til dømes ysting. Les meir om fordelane ved økologisk landbruk her.