Kronikken til Renate Lunde, gründer frå Voss, sto på trykk i Hordaland 18. oktober 2014.
Kva skal du bli når du blir stor då? Eg skal bli økologisk bonde og drive med kyr og bier og grønsaker, seier Emil 10 år. Eg og, og eg vil ha griser og, seier Ylva 7 år, griser som går ute. Kvifor vil de det då? Store forundra auge over det rare spørsmålet. Slik at me kan ta vare på jorda vel, og lage sunn mat. Sjølvsagt.
VEL, DÅ ER DET jammen bra at Venneforeininga for Sogn Jord og Hagebruksskule no nyleg starta kampanjen Redd Økoskulen! Skulen er den einaste sjansen til å få ei 100% økologisk landbruksutdanning i Noreg, ja altså absolutt den einaste skulen av sitt slag i heile kongeriket. Utruleg nok. Endå meir utruleg er det at den har vore nedleggingstruga i årevis, og at det no verkeleg er alvor og overhengande fare for at Noreg mister akkurat denne eine økoskulen i landet! Kvar skal då Emil og Ylva gå på skule?
1. OKTOBER møttes kampvillige engasjerte lærarar, elevar, og lokalfolk i Aurland opp for å vere med på startskotet til kampanjen som har som mål å samle inn så mykje pengar at politikarar vert nøydd til å redde den truga økologiske jordbruksskulen. Dei krev at politikarane tek ansvar. Det gjer dei ikkje i dag. Trass i det statlege målet om 15% økologisk produksjon i landet innan 2020 er den einaste sjansen til fullstendig økologisk utdanning innan matvareproduksjon nedleggingstruga.
STATEN SEIER fylkeskommunen må ta rekninga for dei naudsynte utbetringane som skal til for at skulen skal kunne leve vidare, fylkeskommunen seier dei ikkje har råd og meiner Aurland kommune må ta rekninga, og helst i eit spleiselag med stat og fylke. Ja, slik kan dei sjølvsagt sitte i årevis og sende ansvarsballen mellom kvarandre, og i mellomtida forfell skulen endå meir og snart er det ikkje lov å korkje undervise eller bu på skulen som ikkje lenger tilfredsstiller moderne krav. Difor tok tilsette og elevar no tak i saken sjølv, for som dei seier: viss me ynskjer at borna våre skal vekse opp utan sprøytemiddel i maten, lyt me utdanne økologiske agronomar. So enkelt, men likevel so vanskeleg i verdas rikaste land.
DEN POSITIVE kampånda som har vekse fram i Aurland har spreidd seg og viktige institusjonar som Norges Bondelag, Oikos, Utviklingsfondet, Norges Miljø- og biovitenskaplige univesitet og Sogn regionråd blant anna har oppmoda Sogn og Fjordane fylkeskommune om å sikre vidare drift av skulen. Venneforeininga har stor tru på at dei skal klare å samle inn alle dei millionane som trengs, men treng all drahjelp og pengestønad dei kan få frå både næringsliv og folk flest, og folk kan sjå nettsida deira vennsjh.com for å finne ut korleis me alle kan vere med å bidra til å sikre at vår viktigaste landbruksskule består inn i framtida.
DENNE KAMPEN er lokalisert til Aurland og Sogn, men den har og ei meget konkret og aktuell verdi langt utover Vestlandet, og utover våre landegrenser. Kampen heng saman med helse, miljø, fattigdom, etikk, framtidas næringsliv, demokratiprosessar og migrasjonsproblematikk i verda. Og alt dette startar med livet i jorda, med at me kan velje om me vil satse på ei rik jord full av levande mikroorganismar, eller ikkje.
ME KAN IKKJE LENGER ignorere det som norske og internasjonale ekspertar seier om blant anna bruken av sprøytemiddel, antibiotika og antibiotikaresistens i det konvensjonelle landbruket: det er ei tikkande bombe som må takast på alvor no. Dagens matvareproduksjon øydelegg folks helse, skriv blant anna Utviklingsfondet. Me kan heller ikkje ignorere at dagens konvensjonelle landbruk i verda er det motsette av berekraftig, og heng saman med verdas auka miljø- og klimaproblem, og i tillegg fattigdoms- og sveltkrisa mange står midt oppi. Næringsliv og industri vert også stadig oftare pirka i og minna om at me forbrukarar no ser meir nøye etter korleis produksjon føregår i høve økologiske og etiske prinsipp. Økologisk og småskalalandbruk fremjer ikkje berre ei sunn jord, helse og miljø, men også demokratiet. Det fins 3 milliardar småskalaprodusentar i verda som produserer 70% av verdas mat, og med ein politikk som støttar desse, og som gir desse avgjerdslerett og makt til å styre eigne ressursar vil ein også leggje til rette for vibrerande samfunn med solide økonomiar og høve til langtidsplanlegging.
PÅ KALØ økologiske landbruksskule i Danmark seier dei at økologisk jordbruk femner om alle felt i samfunnet, det same seier dei på dei fire universiteta i EU som saman tilbyr masterutdanning i økologisk jordbruk. Det handlar om å tøre å tenke kva framtid me vil ha, seier styraren på Kalø: Når man arbeider med utdanning av fremtidens bønder, skal man tørre å spå om fremtiden. Det er ikke levering av bulkvarer som blir Danmarks fremtid. Vi skal levere kvalitet, ikke kvantitet, og det kommer til å skje i et virvar av nye eierformer, nye samarbeidsformer, multifunksjonelle landbruk, spesialproduksjonar og så vidare.
KAMPEN I AURLAND er ein lokal kamp for å ta vare på ein skule i ei lita bygd, men den er og ein global kamp. Den er eit symbol på det vegskilje me er komne til, eit vegskilje som gir unike høve til å omfamne ei ny retning. Me treng å skifte tenkinga og handlinga i retning av jordbrukspraksiser som tek vare på og styrkar økosystema og naturressursane, og samstundes produserer nok og næringsrik mat. Då kan me ikkje stå og sjå på at den einaste økologiske jordbruksskulen vert lagt ned. Og spør de meg, er det utruleg rart at ikkje den nye jordbruksskulen som skal kome på Voss vil tilby ei mangfaldig og heilskapleg økologisk utdanning, når det er det som er framtida. Der hadde i alle fall Emil og Ylva vorte elevar, men når det ikkje vert tilbod i eigen bygd, har eg tru på at dei kan få utdanninga si i Aurland.