Tysdag 9. september vart Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening formelt skipa. Møtet var prega av kampiver og optimisme. Framlegg til vedtekter vart handsama, og det vart brukt mest tid på å få ein god formålsparagraf før endeleg vedtak. Formålsparagrafen lyder slik:
Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening er ein ideell medlemsorganisasjon. Føremålet med Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening er å sikre at SJH held fram med å vera ein skule med undervisning i økologisk landbruk og eit kunnskapssenter for berekraftig næringsutvikling. Føremålet skal mellom anna oppfyllast ved at det vert reist kapital til naudsynte investeringar i bygg og anlegg.
Venneforeninga har sett seg som mål å arbeide tett saman med Aurland kommune om å sikre vidare drift ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, og har sett seg det ambisiøse målet å samle inn 12 mill kr før nyttår.
Følg med her på det som skjer.
Helsing styret