Venneforeininga vil seie tusen takk til alle som til nå har bidratt på ulike måtar for å sikre framtida til Sogn Jord- og Hagebruksskule, og samstundes ynskje fortsatt god jul og godt nytt år. Saman har vi skapt eit lite økoeventyr – og større skal det bli!
Ein spesielt stor takk til:
– Alle som har gjeve små og store summar til kronerullinga. Vi har samla inn over 750.000 kroner!
– Aurland kommune for 5 millionar kroner til SJH, med ordførar Noralv Distad i spissen
– Bidragsytarar til nasjonal aksjonsdag 29. november. Mange titals personar, organisasjonar og bedrifter stilte opp!
– Digital Etikett for sponsing av klistremerke
– Duehuset Pub for lokaler til konsert- og quizkveld 29. november
– Elevane og dei tilsette ved SJH for STOR innsats med Open dag, marknader og mykje anna
– Fylkespolitikarane for vedtaket 10. desember, som truleg har redda økoskulen for framtida
– Jarle Offerdal for sponsing av arbeidet med å ramme inn julekalenderteikningane
– Jens Hauge som donerte eit spesialopplag på ti trykk av “Vår nære fortid” til sal
– Medlemmane i venneforeininga, som støttar det vidare arbeidet
– Oikos for publisitet, politisk arbeid og mykje anna
– Per Skjerdal ved Spar Aurland for sal av Redd økoskulen!-brød og sponsing av økologiske ingrediensar
– Petter Napstad for videoen frå Open dag og ein suveren innsats med julekalenderteikningar som innbrakte 300.000 kroner
– Skribentar, journalistar og bloggarar for hjelp til å spreie ordet. Ein spesiell takk til Sogn Avis for å ha fylgt saka tett
– Skrivargarden for sponsing av digitalisering og trykking av julekalenderteikningane
– Sandsdalens tegnestue for hjelp med alt ifrå avisannonsar og plakatar til innhenting av auksjonsvarer
– Terje Horvei for arrangering av quiz i Aurland 29. november og anna støtte
– Venstre for å ha kjempa fram 5 millionar kroner til SJH i forhandlingane om statsbudsjettet
– Westernrockbandet Yuma Sun som stilte gratis og skapte ein uforglemmeleg konsert i Aurland 29. november
Til sist ein ekstra takk til dei som kjøpte luker i julekalenderen:
1. desember: Minime kaninoppdrett
2. desember: Astrid Cecilie og mor
3. desember: Bjørg Fritsvold og Rune Hatleli
4. desember: E-CO Energi
5. desember: Norsk permakulturforening
6. desember: Medlemmer av Mensa SIGnatur
7. desember: Trudvang Kino
8. desember: Debio
9. desember: Norsk Gardsost
10 desember: Grønn Vekst
11. desember: ØKAW AS Arkitekter MNAL
12. desember: Cultura Bank
13. desember: Flåm Camping og Vandrarheim
14. desember: Aurland Hamnevesen KF
15. desember: Flåm Utvikling / Flåm AS
16. desember: Økovenner frå Voss
17. desember: Rørosmeieriet
18. desember: Camphill Landsbystiftelse i Norge
19. desember: HANEN og HANEN Vestlandet
20. desember: Aurland Sparebank
21. desember: Dei tilsette ved SJH
22. desember: Stølsvener i Sogn
23. desember: Marianne bakeri & kafé
24. desember: Spar Aurland