Tusen takk til Aurland bondelag, eit lokallag i Sogn og Fjordane bondelag, for solid bidrag til kronerullinga. Vi er heilt einige i at ressursane må forvaltas berekraftig i framtida! Les begrunnelsen her:
«Aurland bondelag vedtok i ekstraordinær sak i årsmøtet å løyve 5000 kr til aksjonen “Redd øko-skulen!”. Det er i seg sjølv naturleg at ein bondeorganisasjon stør opp under all landbruksutdanning. Utan skular vert det jo færre bønder. Nå har òg lokallaget ekstra engasjement for ein landbruksskule som ligg i same bygda, jordbruksnæringa lokalt har så mange interesser av å ha ein utdanningsinstitusjon i nærleiken; fagmiljøet, kurs, og berre det å ha landbruksinteressert ungdom gjer tilgangen på avløysarar enklare.
Men dette er likevel ikkje hovudårsaka til at lokallaget nå stør opp under aksjonen. Viktigast av alt er å framleis få ha ei fullverdig utdanning i økologisk jordbruk i ei tid der det meir enn nokon sinne vert tydeleg at me må gjere grep, forvalte ressursane annleis og på meir bèrekraftige måtar inn i framtida. Det er opplese og vedteke frå regjeringa at me skal produsere meir mat. Med klimatiske utfordringar, og med dei knappe ressursane me har tilgjengeleg, er økologiske metodar viktige bidrag til å finne vegen mot den beste løysinga for framtidas matproduksjon. Derfor treng me økoskulen i aurland, derfor stør Aurland bondelag aksjonen!
Me ønskjer lukke til vidare!
Helsing Aurland bondelag v/ leiar Gøril Tveiten Lie»