Onsdag 10. desember skal saka om Sogn Jord- og Hagebruksskule si fremtid opp i fylkestinget. Om tilrådinga frå fylkesrådmannen, hovedutvalet for opplæring og fylkesutvalet blir fylgd, vil elevopptaket gå som normalt til hausten. Vidare er det tilrådt å sette av 20 millionar kroner til ekstraordinært vedlikehald.
Dei tre instansane konstaterer at avvikling av skuledrifta vil ha store negative konsekvensar både lokalt, regionalt og nasjonalt, og rår difor til utgreiing av ekstraordinært vedlikehald av eksisterande bygningsmasse. Dette vil vere ei billigare løysing enn det tidlegare forslaget om full utbygging og renovering. Like fullt vil det bli omfattande kostnadar. Det er som før oppfordra til spleiselag mellom fylkeskommune, kommune , venneforeining og ev. andre. Venneforeininga har hittil samla inn over 400.000 kroner, mellom anna takka vere den nasjonale aksjonsdagen 29. november og økoskulen sin julekalender. Aurland kommune har tidlegare lova 5 millionar kroner, og nyleg ble det også lova 5 millionar kroner frå staten.
Venneforeininga er glad for at tilrådinga fastslår at avvikling vil ha store negative konsekvensar, og ventar med spenning på avgjersla i fylkestinget 10. desember. Heile tilrådinga ligg her.