Summen som viser kor mykje Redd økoskulen! har samla inn, blir oppdatert to gonger i veka. Måndag 24. november har kampanjen nådd ein milepåle. Sidan før helga har det blitt overført 13.500 kroner til kampanjekontoen, og nå er den totale summen 210.851 kroner. Tusen takk til alle som bidreg!
Venneforeininga er svært nøgd med utviklinga i kampanjen. Det trengst mykje meir pengar, men dess meir kjend saka blir, dess meir støtte får ho. Det kjem daglege overføringar frå privatpersonar, og nokre foreiningar har gjeve rause tilskot. Redd økoskulen! stolar på at fleire organisasjonar og bedrifter vil kome på banen etter kvart som dei ser at folk frå heile landet bryr seg om skulen si framtid.
12.000 av dei innkomne kronene frå helga har elevar skaffa ved å delta på marknad i Lærdal både laurdag og søndag. Elevanes iherdige innsats på marknadar er blitt eit symbol på korleis ein kan gjere mykje ut av lite. Ingrediensane er sponsa av ulike butikkar, og ved hjelp av god organisering blir mesteparten av produkta laga i ulike grupper på fritida. Men ikkje alltid i store nok mengder – i Lærdal vart dei utselde for peparkaker og fuglemat.
Sistnemde er nyaste produkt i Redd økoskulen!-serien, og elevane lover å lage mykje meir til komande helg. Laurdag 29. november mobiliserer heile landet for økoskulen. Skulen sjølv er ikkje noko unntak. Så mange som syv elevar reiser til Bondens Marked i Bergen for å selje grønsaker, ost, varm mat og Redd økoskulen!-produkt. Ei anna gruppe skal stå på julemarknaden i Aurland. For å markere den spesielle dagen, planleggast det fleire overraskelsar begge stader. Mellom anna noko som ikkje kan etast!