Tilrådinga frå fylkesrådmannen og hovudutvalet for opplæring i høve til Sogn Jord- og Hagebruksskule si framtid er klar. Saka skal opp i Fylkestinget 9. desember. Venneforeininga er nemnt i saksframlegget og noterer seg at tilrådinga inneber at elevinntaket går som normalt hausten 2015.
Fylkesrådmannen vurderer det til at avvikling av skuledrifta vil ha store negative konsekvensar både lokalt, regionalt og nasjonalt, og rår difor til utgreiing av ekstraordinært vedlikehald av eksisterande bygningsmasse. Dette vil vere ei billigare løysing enn det tidlegare forslaget om full utbygging og renovering. Like fullt vil det bli omfattande kostnadar. Fylkesrådmannen oppfordrar som før til spleiselag mellom fylkeskommune, kommune , venneforeining og ev. andre. Kronerullinga «Redd økoskulen!» fortset difor med full styrkje.
Meir info frå venneforeininga kjem snart.
Les saka i Sogn Avis frå 19. november her.