Open dag går som planlagt

IMG_1236Trass flaumen i Flåm og dei store øydeleggingane både der og andre stader i Aurland kommune, blir elevinitiativet Open dag på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) halde som planlagt laurdag 1. november kl. 10–16. Dette er avgjort i samråd med rektor på skulen og Aurland kommune.

Nynorske litteraturdagar har eit barnearrangement på SJH og ved ei eventuell utsetting av Open dag måtte dette arrangementet ha vore flytta. Eit endå meir tungtvegande argument, er å kunna tilby ein triveleg dag for små og store. Føremålet med dagen var å knyta tettare band mellom SJH og lokalsamfunnet, samstundes som det skulle samlast inn pengar til kampanjen «Redd økoskulen!» ved hjelp av ein auksjon med gåver frå lokalt næringsliv.

Etter dei dramatiske hendingane denne veka, meiner elevane ved SJH at det er endå viktigare enn før å vise at skulen bidreg positivt i kommunen. Elevane lovar at Open dag blir ein hyggjeleg samlingsplass, med eit mangfald av aktivitetstilbod og god mat. Dei har og bestemt å gje halvparten av det som kjem inn til auksjonen vidare til Aurland Røde Kors som ein takk for det fantastiske arbeidet organisasjonen har gjort denne veka.

Lokale bedrifter har vore svært rause i sine donasjonar. Her er nokre av auksjonsobjekta som skal i elden på laurdag (ca. kl 15):

  • Tursekk frå Lærdal Grønt
  • Spælsaugarn frå Otternes
  • Ost frå Skjerdal
  • To moskusender frå Spiren Barnehage
  • Motorsag frå Jernia
  • Treretters middag for to personer frå Østerbø Fjellstove
  • Skissearbeid utført av arkitekt frå Aurland Naturverkstad
  • Hudprodukt frå Mori of Norway
  • Bilutstyr og gratis EU-kontroll frå Aurland Bil og Maskin
  • Lokalprodusert honning frå Sognebia
  • Ein dag på fjorden med robåt frå Indre Sogn Kystlag