Laurdag 1. november kl. 10 opnar Sogn Jord- og Hagebruksskule opp for ei innhaldsrik dag med aktivitetar for store og små. Det er nok ein gong elevane som står bak eit initiativ for å samla inn pengar til kampanjen Redd økoskulen! Like viktig meiner dei det er å skapa meir kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet, og gje folk ei god oppleving på SJH.
Planane for dagen er ambisiøse med blant anna økologisk kafé, konkurransar, eventyrstund, ponniriding, minikurs, nervepirrande auksjon og forfattarforedrag på programmet. Dette er mogleg takka vere alle som bidrar i førebuingane, og hjelpande hender blir rekkt ut frå både aust og vest. Det lokale næringslivet har vist svært stor velvilje og har allereie gitt mange flotte bidrag til auksjonen. Alle inntekter frå Open dag går til kampanjen.
Arrangørane er også svært nøgde med å ha fått til eit samarbeid med Nynorske Litteraturdagar. Før auksjonen kjem ordførar Noralv Distad for å snakke om skulen si rolle i kommunen, og SV-politikar Bård Vegar Solhjell rundar av dagen med å kåre vinnar av SJH-utfordringa og gje namn til fjordfekalven. Det breie engasjementet rundt dagen lovar godt for Redd økoskulen!