Elevane ved SJH har ikkje tenkt til å sitte og sjå på at skulen er truga av nedlegging. Dei er med og bidrar aktivt til å redde økoskulen sin. Heile ni elevar og ein lærar bidro i arbeidet før, under og etter marknadsdagen på Geilo lørdag 4. oktober. Innsatsen resulterte i eit solid kampanjebidrag!
Dei tre spente VG2-elevane som skulle av garde på sin fyrste marknad for skulen, var fast bestemte på at anledningen skulle utnyttast til fordel for «Redd økoskulen!». Takksemda var stor over at så mange andre ville hjelpe til. Fire elevar ga bort pærer dei hadde plukka på fritida, og fleire var involvert i å lage røre til «Økoskulens raude røsti» (sjå oppskrift). Nokon hausta urter til teen som fekk navnet «Varmande myntemiks».
Laurdag morgon starta klokka seks med siste lasting av grønnkål, ost og røstirøre fra kjølerommet. Deretter bar det av garde med varebil og tilhengar til Norsk Matglede på Geilo. Vel framme gjekk tida mistenkeleg fort og det var verdt å notere seg at rigging tar lenger tid enn ein skulle tru. Læringskurva for dei nybakte seljarane vart bratt, men salet auka med aukande erfaring utover dagen. Elevane selde grønsaker, frukt og ost for skulen. Aller mest engasjert var dei nok i å selge pærer, myntemiks og raude røsti steikt på takke til inntekt for kampanjen «Redd økoskulen!».
Etter sju timar med marknad var det tid for å pakke saman og køyra heim til SJH. Elevane hadde lært at litt flekkete pærer sel betre når dei er innpakka i papirposar, at myntemiks og raude røsti med fordel kan seljast i kombinasjon med rabatt og ikkje minst at det nyttar å vere pågåande. Resultatet av innsamlinga til kampanjen endte på om lag 2500 kroner – men som ein sa: «Hadde vi visst det vi veit no, kunne det vore dobla.» Og det skal doblast: Elevane er klare for ny marknadsinnsats om to veker!
Økoskulens raude røsti
Blir aller best med økologiske råvarer
- 3 raudbete
- 2 rotselleri
- 4 gulrot
- 5 potet
- 2 finhakka løk
- 4 egg
- Havregryn
- Potetmjøl/kveitemjøl
- Salt og peppar (andre krydderier/urter er også godt)
Riv alle grønsakene, finhakk løk. Visp saman egg og tilsett havregryn og mjøl til ein klissete masse. Smak til med krydder. Steik små lappar i olje eller smør.