Tusen takk for ditt engasjement for å sikre vidare liv for SJH – den einaste heilskapleg økologiske landbruksskulen i Norge! Ditt engasjement er særs viktig, fordi SJH-Venneforening representerer ei kraft som har potensiale til å påverka utfallet av saka.
Her på skulen er vi optimistar, takka vera alle positive krefter som er i sving for å tryggje skulen si framtid. På heimesida vår www.sjh.no kan du lesa Statusoppdatering i saka frå 30. januar. Sidan den tid har Aurland kommune vedteke at dei vil gå inn med 5 mill. kr i ei stifting som kan stå for utbygginga av skulen. Saman med SJH Venneforening inviterer kommunen skuleeigar Sogn og Fjordane Fylkeskommune til å gå inn i denne stiftinga med sine midlar. Det er ikkje kjent kva skuleeigar vil svara på invitasjonen. Vidare er det aktivt politisk arbeid for å få statlege midlar til utbygging av skulen. Ordførar i Aurland og fylkesordførar har gode utsikter til å få eit møte med Kunnskapsministeren og Landbruks- og matministeren om dette.
Vi vil halde leiinga i venneforeninga orientert om nye opplysingar i saka, og står på vidare for skulen og for utvikling av økologisk landbruk og samfunn.
Venleg helsing for
Sogn Jord- og Hagebruksskule
Bjørg Fritsvold, rektor