Kampanjen fortset med uforminska styrkje

5 millionar kroner frå staten er eit viktig bidrag til spleiselaget som skal sikre vidare skuledrift ved SJH. Venneforeininga sitt mål om å skaffe 12 millionar kroner står ved lag.

Dei 5 millionane Venstre fekk inn i budsjettforliket betyr at staten kjem til å inngå som ein part i spleiselaget. Sogn og Fjordane fylkeskommune skal stemme over kor mykje dei skal bidra med i Fylkestinget 10. desember. Det er difor viktig at kampanjen «Redd økoskulen!» fortset med uforminska styrkje slik at det ikkje er nokon tvil om at saka har brei støtte. I tillegg trengst det meir pengar.

Kronerullinga må halde fram for at venneforeininga skal kunne møte utfordringa vi har fått frå fylkeskommunen om å bidra. Målet om 12 millionar kroner frå privat kapital står ved lag, seier styreleiar Aud Slettehaug.

Den fjerde og siste parten i spleiselaget er Aurland kommune, som i likhet med staten vil gi 5 millionar kroner. Ordførar Noralv Distad har uttalt til Sogn Avis at budsjettforliket mellom regjeringspartia, Venstre og KrF er ein svært gledeleg nyheit som syner at SJH har ein nasjonal verdi for berekraftig utvikling.

Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening ynskjer å rette ei stor takk til Venstre for innsatsen. Meir pengar i potten aukar sjansane for at ein får gjort naudsynte utbyggingar / ekstraordinært vedlikehald som skal sikre vidare skuledrift. Bevilgninga er også eit signal frå staten om skulen sin verdi for samfunnet. Dette signalet er viktig nå før fylkespolitikarane skal stemme over saka om SJH 10. desember.